Geirr Tveitt


Nyhende



2026-01-15 - I NRK Klassisk kan du no lytta på Leif Ove Andsnes si framføring av Geirr Tveitt: Piano Sonata nr. 29, op. 129 "Sonate etere" frå Rosendal Kammermusikkfestival 2025. Denne del 2 frå festival er frå i dag tilgjengeleg i serien "På konsert" i NRK Klassisk. Tveitt-songen Huldri med tekst av Ragnvald Vaage, bestefaren til festivalkomponist Knut Vaage, er og med i sendinga. Det vert og framført verk Knut Vaage og Edvard Grieg i det timelange radioprogrammet.
Du kan høyra sonaten m.m. her:
https://radio.nrk.no/serie/paa-konsert-radio/sesong/202601/MKKL16100326


2025-12-29 - Albumet Alf Cranner: Både le og gråte (Both laughing and crying) frå 1964 vart folkefinansiert gjennom Norske Albumklassikere (Norwegian Album Classics). Alle 17 songane på plata har melodi av Geirr Tveitt og tekstar av Jakob Sande. CDen vil vera tigjengeleg frå mars av. Eit anna album med Geirr Tveitt sine tonar og song nådde sitt mål og vart fullfinansiert. Ivar Medaas: Holiday in Norway, ogso frå 1964, inneheld Hestehandlarar og Drama i 4 akter, beggekredistert Geirr Tveitt og Jakob Sande. Det er fyrste gong at desse platene vert tilgjengeleg på CD. Dei kan tingast hjå: www.platekompaniet.no

+

2025-11-23 - NRK Klassisk vil i radioen senda to timeslange program frå den siste Rosendal Kammermusikkfestival frå august i år. Den fyrste delen av "På konsert" -programmet vil verta sendt torsdag 27. november klokka 17:03 på kanalen NRK Klassisk. Tema for festivalen var "Inspirasjoner fra Hardanger" og har fokus på komponistane Edvard Grieg, Geirr Tveitt og Knut Vaage, samt Ravel. Av Geirr Tveitt høyrer me i eitt av desse to programma heile Klaversonate nr. 29, opus 129 "Sonata etere" framført av Leif Ove Andsnes. På TV vart kun den fyrste satsen vist. Link til programmet og meir informasjon finn ein her: https://radio.nrk.no/serie/paa-konsert-radio/sesong/202511/MKKL16003525


2025-11-09 - I dag, på Gyri Tveitt sin 80-årsdag er det flott å kunne fortelja at LPen Alf Ctranner: Både le og gråte frå 1964 er lagt ut til folkefinansiering på www.spleis.no. Dette albumet har aldri vore uygjeven på CD tidlegare og vil verta re-mastra om den vert fullfinansiert. Alle 15 songane er med tekst av Jakob Sande og melodi av Geirr Tveitt. Han spelar sjølv cembalo på plata medan Alf Cranner syng og spelar gitar. Den fekk svært god mottaking, spesielt i Sverige der den største avisa Expressen i januar 1965 skreiv i ei lengre melding av plata, dette om Cranner:  «Han är bäst i Norden». Plata vakte oppsikt og var nyskapande med sine særeigne melodiar av Geirr Tveitt. Og er ei av dei tidlegaste albuma der all tekst er på nynorsk.

Ifylgje Norsk pop- og rockleksikon må Både le og gråte «regnes blandt de viktigste som er laget innen norsk visekunst».
Den vil verta gjeven ut i serien Norske Albumklassikere om den når målet sitt. Førehandsbestill no og støtt opp om denne utgjevinga på www.spleis.no innan 1. desember!



2025-10-27 - I serien Klassiske opplevelser sender NRK eit 1-times program frå den siste Kammermusikkfestivalen i Rosendal. Det vert sendt sundag 2. november kl. 19:50 på NRK2.  Programmet er og songen  Huldri med tekst av Ragnvald Vaage framført av Andsnes og Mari Eriksmoen. Det vert og prat om Geirr Tveitt ved Leif Ove Andsnes og Gyri Tveitt. 
Rosendal












2025-10-20 - "Njål Sparbo (bassbaryton) og Torgeir Kinne Solsvik (klaver) held konsert i Kulturhuset Kabuso i Øystese 8. februar 2026. Dei framfører verk av Ralph Vaughan Williams (Songs of Travel), Geirr Tveitt (10 songar til dikt av Arnulf Øverland) og Edvard Grieg (Ibsen-songane, op. 25). Sjå under Konsertar for meir informasjon.


2025-10-20 - "Som i ein draum - Olav H. Hauge og Geirr Tveitt" framsyninga vert ogso framført i Grue kirke, Kirkenær 26. november.  Hildegunn Riise les dikt og dagboknotat av Hauge, Lars Klevstrand syng og spelar gitar og Håvard Gimse spelar klaver - musikk av Geirr Tveitt. Sjå under Konsertar for meir informasjon.


2025-10-19 - I dag er det 117 år sidan Geirr Tveitt vart fødd. Det er eit godt høve til å informera om at det nyleg er oppdaga nokre songar som ikkje tidlegare har vore regsistrerte. Eg vitja musikkarkivet til Nasjonalbiblioteket for to dagar sidan for å verifisera om dette var ukjende songar eller kun andre titlar på allereie kjende songar. Det er i alle høve 3 ukjende songar til dikt av Herman Wildenvey (1895-1959): Ombord, Efter forliset og Vittig hund. Wildenvey var passasjer på DS Norge som gjekk på grunn ved Rock All i 1904 på veg frå Kristiansand til New York. Desse dikta har relevans til dette forliset som Wildenvey overlevde.
Tittelen Gresshoppen har vore kjent, men det har vore ukjend kvar noten har vore inntil no. Desse songane er truleg skrivne rundt 1969/70.

I 1972 (datert 12. februar) sette Geirr Tveitt tone til eit dikt av Anders Steinnes (1895-1965) kalla Vardevisa som er eit av hans mest kjende dikt. Det er uklårt om Geirr Tveitt hadde planar om å laga eit lyrikkprogram om Steinnes. Uansett, det har til no vore ukjent at han sette tone til dikt av Steinnes.
Newly disovered GT songs













2025-08-20 - Norsk musikk med Kolbotn Konsertband står på programmet i Kolben kulturhus på Kolbotn 21. september kl. 18:00. Dei vil framføra utdrag få alle suitane i Hundrad Hardingtonar  (op. 151) arr. for blåseorkester i tillegg Det gamle kvernhuset (op. 204). Dei vil og sepela musikk av Ludvig Irgens-Jensen, Pauline Hall, Conrad Baden og Stig Nordhagen. Sjå under Konsertar for meir informasjon.


2025-08-15 - Det vert fleire framføringar av "Som i ein draum - Olav H. Hauge og Geirr Tveitt" som er tittelen på ei Musikk & Poesi-framføring med Hildegunn Riise som les dikt og dagboknotat, Lars Klevstrand syng og spelar gitar og Håvard Gimse spelar klaver. Her er fleire stader dei vil setta opp programmet: 

11. september - Torsdag - Bølgen kulturhus, Larvik - kl. 19:00.
19. september - Fredag - Insenhuset, Skien - kl. 19:30
22. september - Mandag - Spira,  Flekkefjord kultursenter - kl. 19:00
23. september - Tysdag - Buen kulturhus, Mandal - kl. 19:00
18. oktober - Laurdag - Kalkmølla Kulturstasjon, Bærum - kl. 15:00

Sjå under Konsertar for meir informasjon.


2025-08-13 - Rosendal kammermusikkfestival vart avslutta sundag 10. august, den tiande og siste i rekkja. 3 komponistar frå det 19.-, 20.- og 21.-århundret, alle med tilnytning til Hardanger sto i fokus: Edvard Grieg (1843-1907), Geirr Tveitt (1908-1981) og Knut Vaage (1961-). Mange flotte konsertar frå onsdag kveld til sundag ettermiddag. Avslutninga torsdag kveld var Leif Ove Andsnes si framføring av Geirr Tveitt: Klaversonate nr. 29, op. 129. Denne og fleire andre framføringar vart filma av eit filmteam for NRK. Opptaka er planlagt sendt i fjernsynet ein gong i  oktober.Film team recording Leif Ove Andsnes
Filmopptak av Leif Ove Andsnes som framfører "Sonata etere" av Geirr Tveitt, og intervjuar dottera Gyri Tveitt - Photo: © Stig Olav Skeie


2025-08-13 - Torsdagskonserten med Stavanger Symfoniorkester 28. august har tittelen "Nordiske sagn og strenger: Sibelius og Tveitt". Dirigent er Julie Røssland. På programmet står utdrag frå Hundrad Hardingtonar, op. 151 og Konsert for hardingfele nr. 2, "Tri fjordar", op. 252 av Geirr Tveitt. Solist på hardingfele er Ragnhild Hemsing. Av Jean Sibelius vert The Bard og Lemminkäinen's Return framførde. Det er og verkorientering med Gyri Tveitt ein time før konsertstart. Sjå under Konsertar for meir informasjon.
SSO logo





2025-08-13 - "Som i ein draum - Olav H. Hauge og Geirr Tveitt" er tittelen på ei Musikk & Poesi-framføring laurdag 18. oktober der Hildegunn Riise les dikt og dagboknotat, Lars Klevstrand syng og spelar gitar og Håvard Gimse spelar klaver. Kalkmølla Kulturstasjon i Bærum kl. 15:00.Sjå under Konsertar for meir informasjon.


2025-08-13 - Siste veka i juli var Leif Ove Andsnes og systera Solveig Andsnes i London og gjorde opptak til ei ny Geirr Tveitt -plate. Klaversonate nr. 29, op. 129 "Sonata etere" har Leif Ove framførd på over 30 konsertar siste halvanna året og den vert sjølvsagt med på CDen. Han speler og ein del stykke frå Femti Folketonar frao Hardanger, op. 150. Saman framfører dei eit utval songar av Geirr Tveitt med tekstar av ulike norske diktarar. Plata kjem ut på Simax Classics ein gong på vårparten 2026.
Leif Ove Andsnes:Tveitt CD recrding session
Opptak til ny Geirr Tveitt CD i London - Photo: © Leif Ove Andsnes


2025-08-12 - Tre CDar som inneheld songar av Geirr Tveitt vart folkefinansiert og er no tilgjengelege for kjøp. Ingen av dei har vore tilgjngelege på CD før no. Det er Hege Tunaal og Lars Klevstrand si plate Dobbeltportrett og Ivar Medaas sine CDar Vårteikn og Medass i 4 akter.
Filmen Alt skal bort vart og fullfinansiert og vert tilgjengeleg på Blu-Ray i september/oktober.
Ivar Medaas: Vårteikn - 2025 Ivar Medaas i 4 akter - 2023 Dobbelportrett - 2025 Alt skal bort - 2025







2025-04-14 - Ørjan Hartveit og Torgeir Kinne Solsvik har gjeve ut ein ny CD kalla Beyond the Horizon - Fauré Songs. I dag starta dei ein firedagars turné der det nye albumet vert presentert. Dei vil og framføra to songar av Geirr Tveitt med tekst av Aslaug Låstad Lygre, og nokre songar av Nadia Boulanger, Maurice Ravel og Camille Saint-Säens. Konsertane vert haldne i Odda (14. april), på Ostereidet (16. april), i Oslo (19. april) og i Øystese (4. mai). Sjå under Konsertar for meir informasjon.


2025-04-14 - Medan den nye filmen Alt skal bort framleis vert vist på kinoar rundt i Noreg, vert den også folkefinansiert. Planen er å gjeva den ut på Blu-Ray seinare dette året. Filmen er regissert av Arild Østi Ommundsen og handlar om to brør og ei syster som må tøma huset til deira komponist-far som nyleg har døydd. Filmen har mange referansar til Geirr Tveitt. Farens hund har namnet Geirr, flyget han spelte på skal vissnok ha tilhøyrt Tveitt, Velkomne med æra vert spelt og det ligg bøker og artiklar om Geirr Tveitt rundt om i huset. Det er ein fin film som du bør sjå på kino no om det høver. Om folkefinansieringa vert vellukka kjem den ut i serien Norske Filmklassikere seinare i år. Førehandsbestill no og støtt opp om denne utgjevinga på www.platekompaniet.no innan 25. april!


2025-04-13 - Ei anna plate som inneheld songar av Geirr Tveitt vil no verta folkefinansiert. I 1969 ga Hege Tunaal og Lars Klevstrand ut LPen Dobbeltportrett. Dette albumet har aldri vore gjeven ut på CD tidlegare og vil verta re-mastra om den vert fullfinansiert. Songane av Tveitt er: Dobbeltportrett  og  Ringen med tekstar av Herman Wildenvey og Di baka med tekst av Hans Lind. Den vil verta gjeven ut i serien Norske Albumklassikere om den når målet sitt. Førehandsbestill no og støtt opp om denne utgjevinga på www.spleis.no innan 8. mai!


2025-04-13 - Ivar Medaas: Vårteikn frå 1976 vart fullfinansiert og kjem ut på CD seinare i år. Ein annan LP med Ivar Medaas: I 4 akter frå 1968 har ogso vorten fokefinansiert med suksess. Begge CDane kjem ut på serien Norske Albumklassikere.



2025-02-18 - I dag har Rosendal Kammermusikkfestival kunngjort programmet for årets festival, 6.-10. august 2025. Tema i år er "Grieg i Hardanger" med fokus på Grieg og 2 andre komponistar med røter og virke langs Hardangerfjorden; Geirr Tveitt og Knut Vaage. Men og med verk av Mendelssohn og Schumann som påverka unge Grieg under studia i Leipzig, samt verk av Ravel (150 år sidan han vart fødd) og Shostakovich (50 år sidan han døydde). På opningskonserten onsdag 6. august vert det presentert tre songar av Geirr Tveitt, framført av Eirik Grøtvedt og Leif Ove Andsnes. Kveldskonserten 7. august avsluttar Andsnes med Geirr Tveitt sin Klaversonate nr. 29. Og på avslutningskonserten sundag framfører han tre stykke frå Femti Folketonar frå Hardanger.

Etter 10 år vert dette den siste kammermusikkfestivalen i Rosendal, men vil halda fram med ein ny serie klassiske konsertar der Leif Ove Andsnes vil vera kunstnarisk rådgjevar. Sjå www.baroniet/rosendal-festival/program.no eller: Konsertar for meir informasjon.

2025-02-18 - Hardanger Musikkfest kunngjorde i går programmet for årets festival, 27.-31. august 2025. På festkonserten laurdagen vil Torgeir Kinne Solsvik spela Solgudens dans av Geirr Tveitt. Sjå www.hardangermusikkfest.no eller: Konsertar for meir informasjon.

2025-02-09 - Ein dobbel-CD med den danske dirigente Thomas Jensen og Danmarks Radiosymfoniorkester vart utgjeven 3. mai i fjor. Dette er den 21. utgjevinga i ein serie historiske opptak der Thomas Jensen (1898-1963) dirigerer det danske Radiosymfoni orkesteret og delvis Tivolis Symfoniorkester. Denne utgåva inneheld 14 av dei 15 nummera i Geirr Tveitt's Hundrad folketonar frå Hardanger, Suite No. 1, Opus 151 innspelt i København 8. april 1962. Nr. 15 Siste farvel er ikkje med på CDen. Geirr Tveitt var til stades på konserten og fortalde om folketonane og steva dei før kvart orkesternummr . Denne delen av konserten er ikkje med på dobbel-CDen, kun dei orkestrerte stykka. Sjå www.danacord.com eller Nye utgjevingar for meir informasjon.


2025-02-08 - I 1976 gav Ivar Medaas ut LPen Vårteikn . Denne gongen med hjelp av duoen Knudsen og Ludvigsen (Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen) som produserte plata og spelar gitar saman med Øystein Sunde på steel gitar. Arne Hågensen spelar trommer, Kari Medaas syng duett på ein song og Ivar Medaas syng og spelar hardingfele på nokre av spora.
Alle tekstane på LPen er skriven av Jakob Sande. Tittelsporet Vårteikn er tonesett av Geirr Tveitt, som Ivar Medaas syntest fekk ein "grueleg vakker" melodi. Albumet har aldri vore utgjeven på CD og vil vil verta re-mastra om den vert fullfinansiert. Plata ligg no ute og vert "crowdfunda"" og vil verta lansert i serien Norske Albumklassikere om den når målet sitt. Bestill plata og ver med å sikra at den vert utgjeven på CD, bestill den på www.spleis.no innan 28. februar!



2024-11-27 - OPPDATERING - Billettar for sju nye recitals med Leif Ove Andsnes i Europa og USA er no lagt ut for sal; Wigmore Hall, London (12.01.), Lucern, Sveits (14.01.), Oviedo, Spania (16.01), Bilbao, Spania (17.01.), St. Paul, Minnesota (28.03.), Mülheim, Tyskland and Rosendal, Norway (07.09.). Det betyr at Andsnes vil framføra Geirr Tveitt's Klaversonate no. 29, op. 129 på 23 recitals dei komande månadane. Desse kjem i tillegg til dei 14 framføringane han hadde av sonaten våren 2024. For meir informasjon sjå under: Konsertar.

2024-10-27 - OPPDATERING - Billettar for tre nye recitals i Noreg i desember og januar er no lagde ut for sal; Fosnavåg (16.12.), Stavanger 05.01.) og Bodø (08.01). For meir informasjon sjå under: Konsertar

2024-09-19 - Leif Ove Andsnes vil helda ein ny serie recitals i Noreg, Europa og USA mellom desember 2024 og juni 2025. Geirr Tveitts "Sonata etere" er hovudverket på programmet som opnar med Edvard Griegs Klaversonate, op. 7 og avsluttar med Frédéric Chopins 24 Preludier, op. 28.
Conductor Conductor
For oppdaterte konsertdetaljar sjå: www.leifoveandsnes.com/concerts og for meir informasjon, sjå under Konsertar. Fylgjande konsertar og konsertsalar er publisert so langt:
14. desember 2024 - Hamar Kulturhus, Hamar, Noreg (utseld)
16. desember 2024 - Fosnavåg Konserthus, Fosnavåg, Noreg (billettar tilgjengeleg
03. januar 2025 - KulturHuset Tromsø, Tromsø, Noreg (utseld)
05. januar 2025 - Stavanger Konserthus, Stavanger, Noreg (få billettar tilgjengeleg)
06. januar 2025 - Operaen, Oslo Noreg (utseld)
08. januar 2025 - Stormen Konserthus, Noreg (billettar tilgjengeleg)
10. januar 2025 - Auditorium Rainier III, Monte-Carlo, Monaco (billettar tilgjengeleg)
12. januar 2025 - NY: - Wigmore Hall, London, England (utseld)
14. januar 2025 - NY: - KKL Lucern Konzertsaal, Lucern, Sveits (billettar tilgjengeleg)
16. januar 2025 - NY: - Auditorio - Sala Pricipale, Oviedo, Spain (billettar tilgjengeleg)
17. januar 2025 - NY: - Sociedad Filharmonia, Bilbao, Spain (billettar tilgjengeleg)
25. januar 2025 - Stora Salen, Konserthuset, Stockholm, Sverige (billettar tilgjengeleg)
18. mars 2025 - L'Auditori: Sala Oriol Martorell, Barcelona, Spania (billettar tilgjengeleg)
21. mars 2025 - Perelman Theater, Kimmel Center, Philadelphia, PA, USA (utseld)
23. mars 2025 - Shriver Hall, Baltimore, MD, USA (billettar tilgjengeleg)
25. mars 2025 - Carnegie Hall: Stern Auditorium, New York, NY, USA (billettar tilgjengeleg)
27. mars 2025 - Reinberger Chamber Hall, Cleveland,OH, USA (billettar tilgjengeleg)
08. March 2025 - NY: - Schubert Club, Ordway Music Center, St. Paul, Minnesota, USA (billettar tilgjengeleg)
30. mars 2025- Soka Performing Arts Center, Aliso Viejo, CA, USA (billettar tilgjengeleg)
01. april 2025 - Zellerbach Auditorium, Berkeley, CA, USA (billettar tilgjengeleg)
11. juni 2025 - NY: - Klavier festival Ruhr, Mülheim, Tyskland (billettar ikkje lagt ut)
13. juni 2025 - Alte Oper: Mozart Saal, Frankfurt am Main, Tyskland (billettar tilgjengeleg)
07. august 2025 - NY: - Rosendal Chamber Music Festival, Rosendal, Norway (program og billettar vert lagt ut i februar)

Tilling & Gimse Tilling & Gimser
Photo: © Maria Östlin (Tilling) and Ilja Hendel (Gimse)

2024-11-26 - Den svenske sopranen Camilla Tilling og den norske pianisten Håvard Gimse vil ha ein konsert i Troldsalen 29. mai 2025 under Festspillene i Bergen. "Nordiske sanger fra hjerte og natur"er tittelen for programmet. Dei vil framføra songar og musikk av; Edvard Grieg, Amanda Maier-Röntgen, Emil Sjøgren, Geirr Tveitt, Gunnar de Frumiere og Jean Sibelius. Sjå under Konsertar for meir informasjon.


2024-11-23 - Studentane i Opera Ung vil helda to konsertar i Operaen i Oslo 16. januar 2025. Dei vil framføra utdrag frå operarepertoiret, inkludert ein song frå operaen Jeppe, op. 250 (1966) av Geirr Tveitt. Sjå under Konsertar for meir informasjon.


2024-10-16 - Lise Fjeldstad og  Håvard Gimse vil helda ei framsyning i Sandvika 19. oktober og to i Kristiansand 22. oktober. Temaet er "Kjærlighetsdikt" og Lise vil lesa dikt om kjærlighet av Knut Hamsun, Hans Børli, Haldis Moren Vesaas, Rolf Jacobsen, Jon Fosse og Henrik Ibsen. Håvard vil spela musikk av Frédérik Chopin, Erik Satie, Geirr Tveitt, Robert Schumann, Harald Sæverud og Edvard Grieg. For meir informasjon sjå under: Konsertar.



2024-10-08 - Det nye albumet til Liv Elise Nordskog og Signe Bakke vil verta utgjeven på CD 25. oktober. Tittelen er: Tveitt Songar og kjem ut på LAWO Classicss (LWC 1344), den kan førehandstingast no. Den inneheld fyrstegongsinnspelingar av Geirr Tveitt sine Songar til dikt av Arnulf Øverland (10) og Songar til dikt av Johan Falkberget (5), i tillegg til Songar til dikt av Olav H. Hauge (6) og ein av Per Sivle songane. Sjå under Nye utgjevingar for meir informasjon.



2024-09-30 - Tord Gustavsen Trio er på turne. Dei siste konsertane på 2024-turnéen er: 26.10. Gent, Belgia / 18. og 20.10. Nesodden / 26.10. Stord / 28.10. Leverkusen, Tyskland / 03.11. Lillestrøm / 04.11. Søndre Slagen / 06.11. Sandefjord / 09.11. Oslo / 10. og 11.11. Paris, Frankrike / 12.11. Sofia, Bulgaria, og 3 konsertar i England: 14.11. Nottingham (utseld) / 15.11. London (utseld) / 16.11. Nottingham. For fullstendig liste og ytterlegare detaljar sjå: www.tordg.com.com.

Victoria Nasjonal Jazzscene skriv i sin førehandsomtale av konserten 9. november: "Musikken deres rommer i hvert fall mye. Her finnes salmer og gospel, folketoner, moderne jazzspråk og klassisk tradisjon. Hør bare Geirr Tveitts stykke “Fløytelåt” fra trioens foreløpig siste utgivelse, Opening fra 2022, hvor alle trådene samles. I høst kommer trioens sjette utgivelse på ECM. Vi ser fram til en kveld med ny og gammel musikk, med intime rom, høy himmel og fullsatt sal.".


2024-09-29 - Tre nye versjonar av Vi skal ikkje sova bort sumarnatta er lagt til i diskografien: Skimra gav i juli ut ein versjon digitalt for strauming og nedlasting som MP3. I 2023 gav Sonja Anderson (soprano) og Rosalyn Wilson (piano) ut albumet Songbird for nedlasting som FLAC og MP3. Ellis (Ellen Sofie Mosebekk) gav ut ein reggae-versjon av Sumarnatta i 2022 som single MP3. Desse er no lagt til i diskografien. Sjå under Nye utgjevingar for meir informasjon.
Skimra: Vi skal ikkje sova bort sumarnatta - 2024 Sonja Anderson and Rosalyn Wilson: Songbird - 2023 Ellis: Sumarnatta - 2022












2024-09-20 - Julie Yuqing Ye har i dag gjeve ut hennar fyrste album kalla: From my Archives - Hall - Tveitt - Grieg på Nordic Sound Records. Den inneheld ei ny innspeling avGeirr Tveitt Klaversonate nr. 29, op. 129, "Sonata etere" og ein nyoppdaga Klaversonate frå 1916 av  Pauline Hall. Ho framfører og Lyriske stykker, op. 43 av Edvard Grieg. Sjå under Nye utgjevingar for meir informasjon.



2024-09-19 - Liv Elise Nordskog og  Signe Bakke lanserte albumet: Tveitt Songs på LAWO Records den 26. juni 2024. Førebels er plata berre tilgjengeleg digitalt som MP3 og FLAC filer eller på straumetjenster. CDen (LWC 1344) vil koma seinare i år. Den inneheld fyrstegongsinnspelingar av Geirr Tveitt sine Sanger til dikt av Arnulf Øverland (10) og Sanger til dikt av Johan Falkberget (5), i tillegg til Songar til dikt av Olav H. Hauge (6) og ein av Per Sivle songane. Sjå under Nye utgjevingar for meir informasjon.



2024-03-01 - Håvard Gimse held konsert Bølgen konserthus i Larvik 5. mai med fokus på nordiske komponistar, bl.a. Geirr Tveitt. For meir informasjon sjå under Konsertar.

2024-02-29 - Leif Ove Andsnes sine konsertar i Haugesund 20. og 21. januar vart avlyste pga. sjukdom, men er flytta til sundag 4. og måndag 5. mars "Sonata etere" står bl.a. på programmet. For konsertdetaljar sjå: www.leifoveandsnes.com/concerts eller sjå under Konsertar for meir informasjon.

2023-12-24 - Leif Ove Andsnes held to ekstra solokonsertar neste år med Tveitt sin "Sonata etere" på programmet. Sundag 14. januar held han konsert i Levanger og mandag 11. mars i Perth, Skottland. Programmet i januar er det same som i Hammerfest og Haugesund. I Perth er det sonatar av Schubert, Tveitt og Brahms som vert framført. For konsertdetaljar sjå: www.leifoveandsnes.com/concerts eller sjå under Konsertar for meir informasjon.

2023-12-24 - Leif Ove Andsnes held to ekstra solokonsertar neste år med Tveitt sin "Sonata etere" på programmet. Sundag 14. januar held han konsert i Levanger og mandag 11. mars i Perth, Skottland. Programmet i januar er det same som i Hammerfest og Haugesund. I Perth er det sonatar av Schubert, Tveitt og Brahms som vert framført. For konsertdetaljar sjå: www.leifoveandsnes.com/concerts eller sjå under Konsertar for meir informasjon.

2023-12-12 - TVEITT I BRIGHTON - Ragnhild Hemsing vil vera solist i Geirr Tveitt sin Konsert for hardingfele og orkester nr. 2, op. 252, "Tri fjordar" sundag 7. april 2024. Det er fyrste gong hardingfelekonserten vert framført i England. Temaet for konserten er "Sea Songs". Brighton Philharmonic Orchestra dirigert av Adam Hickox vil og framføra Benjamin Britten: Four Sea Interludes from "Peter Grimes" og Claude Debussy: La Mer. Dei spelar og tre korte stykke for Klaver og orkester av Ryuichi Sakamoto med solist Joanna MacGregor.

Foto: © Kaupo Kikkas/Berlin Classics Music
For konsertdetaljar sjå: www.ragnhildhemsing.com/concerts og for meir informasjon, sjå under Konsertar.

2023-11-13 - Anita Skorgan har i dag gjeve ut CD-boksen Rubbel og bit 1973-2001 på ECM. Den inneheld 16 CDar med alt ho gav ut frå platedebuten i 1973 til 2001. CD11 inneheld ein versjon av Geirr Tveitts  Velkomne med æra med Anita Skorgan på flygel og Lars Klevstrand på gitar. Sjå under Nye utgjevingar for meir informasjon.



2023-10-27 - Leif Ove Andsnes har oppdatert konsertane han skal halda hausten 2023 og våren 2024. I tillegg til solokonsertane i Bærum og Trondheim i mars er det no ein konsert i Hammerfest og to i Haugesund i januar 2024. Mest sannsynleg står det verk av Brahms, Chopin Grieg og Tveitt på programmet her. I mars og april er det verk av Schubert, Tveitt og Brahms som skal framførast. Han vil då spela  Klaversonate nr. 29, "Sonata etere", op.129! “Tveitt was a formidable pianist. Like Bartók in Hungary, Tveitt was very influenced by folk music, and he collected hundreds of folk tunes from western Norway. He uses folk elements in his compositions, but this sonata is a mono-thematic piece in the grand style, like Liszt`s piano sonata, and the piano writing is very colourful and impressive.”

Etter Bærum og Trondheim står Lugano, Amsterdam, Gent, Lyon, Berlin og Wien for tur med det same programmet. I høve konserten i Amsterdam skriv www.Muziekgebouw.nl om Andsnes og valet av den mindre kjende sonaten av  Tveitt: "An advocate for forgotten music - 'A convincing advocate for forgotten music', De Nieuwe Muze called the Norwegian pianist Leif Ove Andsnes. Last season he brought the unknown Poetic tone paintings of Dvořák to the Muziekgebouw. Now the pianist takes with him the only surviving sonata by his compatriot Geirr Tveitt, who died in 1981. Andsnes confidently juxtaposes these notes with Brahms' equally lyrical and sunken Fantasies. The Norwegian composer Geirr Tveitt initially immersed himself in the folk music of Norway. During his studies in Paris with Arthur Honneger and Heitor Villa-Lobos, he came into contact with the French Impressionists and the Groupe des Six. Only twenty-five percent of Tveitt's work survives, the rest went up in smoke in a fire in his studio. The remaining music has so much quality for Andsnes that it is time to make a case for this 'Edvard Grieg of the twentieth century'."
Leif Ove Andsnes: Tour dates spring 2024
Photo: © Helge Hansen/Sony Music Entertainment
Solokonsertane der "Sonata etere" vil verta framførd vinteren/våren 2024 er:

10. januar - Hammerfest
NY: 12. januar - Namsos
NY: 14. januar - Levanger
NY DATO 4. mars - Haugesund (utseld)
NY DATO 5. mars - Haugesund (utseld)
07. mars - Bærum (utseld)
09. mars - Trondheim(utseld)

NY: 11. mars - Perth, Skottland
13. mars - Lugano, Sveits
15. mars - Amsterdam, Nederland (få ledige billettar)
16. mars - Gent, Belgia (få ledige billettar)
18. mars - Lyon, Frankrike (få ledige billettar)
20. mars - Berlin, Tyskland (få ledige billettar)
11. april - Wien, Austerrike (førehandssal startar 19. februar 2024)

For konsertdetaljar sjå: www.leifoveandsnes.com/concerts og sjå under Konsertar for meir informasjon.

2023-10-24 - Leif Ove Andsnes gav 13. oktober ut CD-boksen The Warner Classics Edition 1990-2010. Den inneheld 36 CDar som i si tid vart gjevne ut på EMI Classics og Virgin Classics, no Warner Classics. Den siste CDen i boksen er Dan långje långje vettranottæ som inneheld 7 av klaverstykka frå  Femti folkatonar frao Hardanger. Sjå under Nye utgjevingar for meir informasjon.



2023-10-05 - Sinikka Langeland gav 15. september ut CDen Wind and Sun på ECM. Songane har tekst av dagens mottakar av Nobelprisen i litteratur. Jon Fosse. Sinikka Langeland har sett melodi til 10 av dei elleve dikta. På A Child who excists er Geirr Tveitt sin tone Velkomne med Æra nytta. Det er to versjonar av denne på plata. Sjå under Nye utgjevingar for meir informasjon.



2023-05-22 - Leif Ove Andsnes held konsert i Bærum kulturhus, Sandvika torsdag 7. mars og i Logen, Trondheim laurdag 9. mars 2024. På programmet står verk av Schubert, Tveitt og Brahms. Han vil framføra Klaversonate nr. 29, "Sonata etere", op.129! Sjå under Konsertar for meir informasjon.

2023-05-22 - Nyutgjeving av Ivar Medaas: Trubaduren kommer. Serien Norske Albumklassikere har remastra og gjeve denne LP'en frå 1965 ut på CD for fyrste gong. Den inneheld 4 songar med melodiar av Geirr Tveitt: Fløytelåt, Nissen på Kobbeskjeret, Dyreorkesteret og På Hagarstølen e' godt te gjeta. Sjå under Nye utgjevingar for meir informasjon.


2023-04-01 - Ny video frå Berlin Classics med Ragnhild Hemsing der ho snakkar om Bergen Fiharmoniske Orkester, hardingfela og dei fire utvalde komponistane og deira verk på den nye CDen BRUCH+TVEITT (varigheit 4:36):


2023-03-31 - Ragnhild Hemsing sin nye CD med tittelen BRUCH+TVEITT er gjeven ut i dag på plateselskapet Berlin Classics. Ragnhild spelar både filoin og hardingfele på dette albumet som inneheld: Max Bruchs Fiolinkonsert i g-moll, op. 26 (24:23), Johan Svendsen: Romanse for fiolin og orkester, op. 26; (8:57), Sigurd Lie: Konsertstykke for fiolin og orkester (8:57) og Geirr Tveitt: Hardingfelekonsert no. 2, "Tri fjordar", op. 252 (19:34). Innspelinga er gjort med Bergen Filharmoniske Orkester dirigert av Eivind Aadland. Sjå utdrag frå albumet i YouTube videon under.


2023-03-12 - Espen Eriksen (trompet) og Gunnar Halle (piano) har gjeve ut instrumentalplata Sangboka. Her tek dei to jazzmusikarane for seg 8 songar som omtrent alle kunne i det førre hundreåret: "Vi høyrer til den siste generasjonen som lærte å syngja desse songane i skulen. Med sterke og enkle melodiar har denne musikken sett djupe spor i oss og har vore ein viktig del av vårt musikalske uttrykk" skriv dei på omslaget. Sjå under Nye utgjevingar for meir informasjon.


2023-02-27 - Ragnhild Hemsing har gjeve ut ein single frå hennar komande nye CD kalla  BRUCH+TVEITT. Singlesporet  er henta frå Geirr Tveitt: Konsert for Hardingfele og orkester, "Tri fjordar", op. 252,  nr. 2; Sognefjord. Innspelinga er gjort saman med Bergen Filharmoniske Orkester dirigert av Eivind Aadland. Du kan no lytta på Sognefjord på bl.a. Spotify. På CDen vil Ragnhild spela både fiolin og hardingfele. Den vil innehelda verk av Max Bruch, Geirr Tveitt, Johan Svendsen og Sigurd Lie. CDen vil verta lansert 31. mars på labelen Berlin Classics. Dette er hennar tredje CD på dette selskapet.


2023-02-24 - Neste laurdag, 4. mars, held den amerikanske barytonen Gehan A Cooray (Holywood) saman med den norske pianisten Torgeir Kinne Solsvik (Norheimsund) konsert på Sri Lanka. Dei framfører eit variert program songar, men Torgeir vil og spela klaververk av Geirr Tveitt. Sjå under Konsertar for meir informasjon.

2023-02-23 - Endre Olsen & Hestehandlarane held tre konsertar i helga. Fredag 24. spelar dei i Leirvik på Stord, laurdag 25. har dei ein ettermiddagskonsert i Norheimsund og ein i Bergen på kvelden. Dei framfører viser av Ivar Medaas, fleire med melodi av han og fleire signert Geirr Tveitt med tekst av Jakob Sande. Sjå under Konsertar for meir informasjon.

2023-01-30 -Håvard Gimse (klaver), Frida Fredrikke Waaler Wærvågen (cello) og Marinemusikken dirigert av Bjarte Engeset held konsert torsdag 16. februar for å innvia det nye Steinway & Sons konsertflygelet i Horten kyrkje. Det vil verta framført verk av: Frédérik Chopin, Harald Sæverud, Geirr Tveitt, Gabriel Fauré, Francis Poulenc og Sergej Rakhmaninov. Konserten vert avslutta med Edvard Grieg's Konsert for klaver- og orkester i a-moll, "a-mollkonserten". Sjå under Konsertar for meir informasjon.

2023-01-30 - Hardingtonar 2023 er avlyst. For meir informasjon sjå: www.hardingtonar.no

2023-01-24 - Håvard Gimse held konsert på Furu Egg i Sandefjord laurdag 28. januar. Han vil framføra verk av: Frédérik Chopin, Edvard Grieg, Geirr Tveitt, Jean Sibelius, Franz Schubert, Frederico Mompou og Isaac Albéniz. Håvard Gimse vil ogso vera solist i Geirr Tveitt's Klaverkonsert, No. 1 (1927) med Kristiansand Symfoniorkester, dirigert av Tabita Berglund torsdag 2. februar i Kristiansand. Sjå under Konsertar for meir informasjon.

2023-01-24 - Tord Gustavsen Trio si kritikarroste plate "Opening" kom i midten av desember ut på LP. Den inneheld som CDen ein instrumentalversjon av Geirr Tveitts Fløytelåt. Sjå under Nye utgjevingar for meir informasjon.


2022-11-10 - Oppdatering under Konsertar; Kristiansand symfoniorkester under leiing av Tabita Berglund framfører Geirr Tveitts Hardingfelekonsert nr. 2 torsdag 10. November. Solist er Ragnhild Hemsing. Sjå under Konsertar for meir informasjon.

2022-04-30 - Då er programmet til Hardingtonar 2022 lagt ut. Helga er utvida med ein dag og startar med konsert i Kunsthuset Kabuso, Øystese torsdag 9. juni. "Med Tveitt og Grieg på programmet" er den kalla og utøvarar er Njål Sparbo (bass-baryton) og Torgeir Kinne Solsvik (klaver). Alle Geirr Tveitt sine 17 Bruheim-songar" vert framførde sman med Edvard Grieg sine 15 Vinje-songar. Bergen Symfoniorkester opnar med eit stykke av Geirr Tveitt fredagen. Laurdag og sundag er det til saman tre ulike konsertar med Trondheimssolistene, med Arne og Carlos, med Silje Nergaard og med Ragnhild Hemsing. Sjå under Konsertar for meir informasjon.
2022-04-28 - Tord Gustavsen Trio kom 4. april ut med eit flott album kalla "Opening". Det inneheld bl.a. ein instrumentalversjon av Geirr Tveitts Fløytelåt. Sjå under Nye utgjevingar for meir informasjon.

2022-04-29 - Vårkonsert med Universitetets Symfoniorkester, Oslo (USO) med musikk av August Södermann (Ouvertyr till Jungfrun av Orleans), Geirr Tveitt (Utdrag fra Hundred hardingtonar, op. 151), Johan Svendsen (Romanse for fiolin og orkester, op. 26) og  Antonín Dvořák (Symfoni nr. 8, op. 88). Dirigent er Kjell Seim og solist på fiolin er Stig Nilsson.  Tysdag 31. mai kl. 19:00 i Univeristetets Aula, Oslo. Sjå under Konsertar for meir informasjon.

2022-04-28 - Tord Gustavsen Trio kom 4. april ut med eit flott album kalla "Opening". Det inneheld bl.a. ein instrumentalversjon av Geirr Tveitts Fløytelåt. Sjå under Nye utgjevingar for meir informasjon.


Njål Sparbo ga i 2018 ut albumet "Natt og dag, Norwegian Songs vol. 2". Det inneheld Geirr Tveitt sin Nótt ok Dagr med tekst av Snorri Sturluson. Denne og dei 21 andre songane er orkestrert av Sparbo. Albumet er lagt til i diskografien, sjå under Oppdatering i diskografien for meir informasjon.


2022-04-16 - Åpningskonsert Nortrad folkemusikkonferanse med musikk av Halvorsen (Rapsodi nr. 1) og Tveitt (Telemarkin) framført av Musikkhøgskolens øvingsorkester under leiiing av Kristoffer Wøien. Tysdag 17. april kl. 19:00. Sjå under Konsertar for meir informasjon.

2022-03-22 - Oppdatering under Konsertar; Kristiansand symfoniorkester under leiiing av Tabita Berglund spelar eit utval Hardingtonar torsdag 24.03. Sjå under Konsertar for meir informasjon.

2021-11-26 - Ni album er lagt til i diskografien, sjå under Oppdatering i diskografien for meir informasjon.

2021-11-15 - Opdatering under Konsertar; Jæren Symfoniorkester spelar to konsertar 20. og 21. november.

2021-10-28 - Opdatering under Konsertar, Utøvarar og Bøker lagt til i beta-versjonen.

2021-10-19 - I dag er det 113 år sidan Geirr Tveitt vart fødd. Under Konsertar er det no lagt til to arrangement; Egil Hovland-festivalen 2021, der Nils Henrik Asheim framfører Hundrad Hardingtonar arr. for orgel i Glemmen kyrkje, laurdag 23. oktober, og musikkfestivalen Hardingtonar som vert avvikla 10.-12. juni 2022.

2021-10-12 - Ny startside for www.geirrtveitt.com lansert med informasjon om pågåande oppdateringar.

2021-10-10 - Diskografien er no tilgjengeleg i beta-versjonen. 2020-2029 er med ny layout, dei andre er under oppdatering.

2021-10-05 - Biografi del 1 og 2 er no tilgjengeleg på beta-versjonen.

2021-09-30 - Beta-version av ny nettside utan bruk av Adobe Flash teknologi lansert, tigjengeleg for eit utval testpersonar.

Nye utgjevingar

Her er oversikt over nye utgjevingar som er lagt til i diskografien.






Oppdateringar i diskografien

Her er oversikt over ulike utgjevingar frå tidlegare år som nyleg er lagt til i diskografien:




Konsertar

Her er oversikt over ulike konsertar eller arrangement der verk av Geirr Tveitt vert framført

Arkiv

Her vert eldre nyhende arkiverte