Her er oversikt over dei siste utgjevingane på plate (CD, LP, single, SACD, DVD, MP3 etc.) som er registrert der Geirr Tveitt sin musikk er med.
Thomas Jensen (1898-1962) var ein dansk dirigent og cellist. Danacord har gjeve ut ein serie med historiske opptak der han hovudsakleg dirigerer Danmarks Radiosymfoniorkester, men og Tivoli's Symfoniorkester.
Albumet inneheld 14 av dei 15 tonane frå Hundrad Hardingtonar, Suite 1, op. 151 innspelt i København 8. April 1962. Geirr Tveitt var tilstades og deltok på konserten. Han fortalde om og song dei ulike steva før kvart orkesterstykke vart spelt. Denne delen av programmet er ikkje med på plata. Nummer 15. Siste farvel er heller ikkje inkludert. Om den vart spelt på konserten eller vart utelaten er ukjent.
Konsertane på albumet er innspelte i 1942 (Eric Coates), 1961 og hovudsakleg i 1962, eitt år før Thomas Jensen gjekk bort. Musikken er av kjente og mindre kjente komponistar. Lydkvaliteten er bra og denne 2CDen kan asolutt anbefalast. Utgjeven på Danacord (DACOCD 931) 3. mai 2024. Desse verka er med på plata:
Julie Ye er ein ung pianist (f. 1992) som held til i Oslo. Dette er debutplata som ifylgje nettsida hennar (www.julieye.no) "er ei hylling av mindre kjente praktstykke i norsk klassisk pianomusikk. Den inneheld verdenspremiere- innspelinga av Pauline Halls Piano Sonata - eit overveldande sein-romantisk verk komponert i 1916, og nyleg oppdaga i Nasjonalbibliotekets arkiv. Etter premieren vart sonaten ikkje spelt før over 100 år seinare då Julie gav den nytt liv i 2022. Plata inneheld også Pianosonate nr. 29 av Geirr Tveitt, eit sjeldan storslått verk frå sist i 1950-åra, med eit unikt lydlandskap med utanomjordisk atmosfære. Dei sjarmerande miniatyrane i Edvard Grieg sine Lyriske stykker, op. 43, er også med som eit bidrag frå Julies eige personlege arkiv" (Tekst frå www.julieye.com).
Ei lita korrigering: Tveitt sin Pianosonate nr. 29 vart trykt i noteform i 1950 og truleg skriven i 1943 og vart urframført 25. januar 1947 i Paris.
Pianostykka av Pauline Hall, Geirr Tveitt og Edvard Grieg på CDen er:
Skimra gav ut denne MP3 singelen 3. juli 2024.
Sopranen Liv Elise Nordskog og pianisten Signe Bakke har gjeve ut digitalt albumet Tveitt Songs 26. juni. Albumet er tilgjengeleg som nedlastbare MP3 og FLAC filer, men vil koma på CD 25. oktober. Plata inneheld 10 av songane til dikt av Arnulf Øverland og fem av songane til dikt av Johan Falkberget. Dei har ikkje vore utgjevne på plate tidlegare. I tilleg er det med seks songar med tekst av Olav H. Hauge og ein av Per Sivle.
Ikkje alle av desse songane vart skrivne for sopran, fleire er transkribert frå den opphavelege bariton-stemma. I radioprogramma Geirr Tveitt laga om poetane Arnulf Øverland og Johan Falkberget i 1965, vart mange av songane akkompagnert av Kringkastingsorkestert dirigert av Tveitt. Både piano- og orkesterarrangementa av songane er særeigne og raffinerte og løfter dikta og musikken til ein høgare einskap.
Samanlikna med dei originale radioinnspelingane vert nokre av songane spelt raskare og i eit høgare toneleie med vibrato. Av og til er det uttalen av tekstane vanskeleg å få tak i. Magien i desse songane vert ikkje alltid fullbyrda. Det er og nokre feil i titlane og i nummereringa av songane, i alle fall på dei nedlastbare MP3 og FLAC filene. Vonleg vert dette retta opp på CD utgåva. Av og til er Øverland skriven Överland, og nokre av titlane nyttar og den svenske "ö" og ikkje den norske "ø". Arnulf Øverland og Olav H. Hauge er skrivne med fornamn, medan Johan Falkberget og Per Sivle er skrivne kun med etternamn. Og det er Sivle og ikkje "Sivje"!
"...."
Anita Skorgan lanserte 13. november ein boks med 16 CDar frå perioden 1973 til 2001. Rubbel og bit 1973-2001 er tittelen og inneheld 14 studioalbum, singlar og bonusmateriale. På CD 11 er det ein versjon av Geirr Tveitts Velkomne med æra med Anita Skorgan på flygel og Lars Klevstrand på gitar. Den er innspelt i 1994 og kom på plata Julenatt det året. Innspelinga kom i revdert utgåve i 2000. Dette er CDane i boksen:
CD 1: Til en venn (1975) - CD 2: Du er nær meg (1976) - CD 3: Young Girl (1977) - CD 4: Anita Skorgan (1978) - CD 5: Ingen vei tilbake (1979) - CD 6: Pastell (1981) - CD 7: Cheek to Cheek (1983) - CD 8: Karma (1985) - CD 9: White Magic (1986) - CD10 Basic (1990) - CD11: Julenatt (1994) - CD 12: Gull (2001) - CD 13: Julebonuser - CD 14: 70-tallbonuser - CD 15: 1980-2001 bonuser - CD 16: Anita på svensk - bonuser
Leif Ove Andsnes ved Warner Classics lanserte 13. oktober ein boks med 36 CDar frå perioden 1990 til 2010. The Warner Classics Edition 1990-2010 er tittelen og inneheld innspelingane han gjorde på Virgin Classics og EMI Classics som plateselskapet då heitte. CDane er ikkje rangert kronologisk, men hovudsakleg alfabetisk etter etter namna på komponistane.
CD 1: Bartok - CD 2-3: Brahms (+ Schumann) - CD 4-5: Chopin - CD 6: Dvorak - CD 7-10: Grieg (+ Schumann) - CD 11-12: Haydn - CD 13-14: Janacêk (+ Debussy, Ravel, & Nielsen) - CD 15: Liszt - CD 16-17: Mozart - CD18 Mussorgsky (+ Schumann) - CD19: Nielsen - CD 20-23: Rachmaninov - CD 24-28: Schubert - CD 29-32: Schumann (+ Brahms) - CD 33: Britten - CD 34: Horizons (21 ulike komponistar) - CD 34: Sørensen, Lutoslawski, Kurtag & Dalbavie - CD 36: Grieg, Tveitt, Johansen, Valen & Sæverud. Den siste CDen i boksen har tittelen: The long, long winter night (Dan långje långje vettranåttæ) etter Geirr Tveitts opus 150, nr. 37. Det er med 7 av klaverstykka frå Femti folkatonar frao Hardanger:
Sonja Anderson & Roslyn Wilson gav ut denne FLAC/MP3 singelen 10. oktober.
Sinikka Langeland lanserte 15. september hennar nye album Wind and Sun på ECM Records. Tekstane på albumet er av Jon Fosse. Sinikka Langeland har sett tone til dikta, unnateke A Child who exists, der tonen til Geirr Tveitts Velkomne med æra er nytta. Songane har fått engelske titlar, men vert framført på nynorsk. A Child who exists er diktet Eit barn som finst. Det, saman med tittelsongen finst i 2 variantar. Wind and Sun er på spor 2 instrumental, medan den er med song på spor 11.
På albumet deltek forutan Sinikka på vokal, kantele (5-, 15- og 39 strengs versjonar) og munnharpe (metall- og treversjonar), Trygve Seim på tenor- og sopransaksofon, Mathias Eick på trompet, Mats Eilertsen på kontrabass og Thomas Strønen på trommer. Albumet vart innspelt i september 2022 i Rainbow studio in Oslo og vart miksa i Bavaria Musikstudios in München i mars 2023. Plata er produsert av Guiso Goma, teknikar Martin Abrahamsen. Foto av Dag Alveng og grafisk design av Sascha Kleis.
Ivar Medaas ga i starten av 1965 ut LPen Trubaduren kommer. Det var hans fyrste som soloartist, men han hadde året før saman med kona Kari gjeve ut LPen: Holiday in Norway/Come and dance with us med Vestlandsduoen. Før det hadde Vestlandsduen og han åleine gjeve ut fleire singlar og ein EP med Geirr Tveitt. I april kom plata for fyrste gong ut på CD, i remastra ny utgåve i serien Norske Albumklassikere. Geirr Tveitt har sett tone til fire av visene og spelar piano på dei to siste. Dei er henta frå EPen Old Norwegian Folktunes:
Ragnhild Hemsing, saman med Bergen Filharmoniske Orkester og dirigent Eivind Aadland, har 31. mars lansert CDen BRUCH+TVEITT. Ragnhild spelar både fiolin hardingfele slik omslagsfotoet viser. Verka som vert framførde på plata er:
Max Bruch: Violin Concerto i g-moll, op. 26 (24:23),
1. No. 1 Introduktion. Allegro moderato (8:18),
2. No. 2 Adagio (8:24),
3. No. 3 Finale. Allegro energico (7:39)
Johan Svendsen: Romanse for folin og orkester, op. 26;
4. Romanse for fiolin og orkester (8:57)
Sigurd Lie: Konsertstykke for fiolin og orkester,
5. Konsertstykke "Huldra Aa'n Elland" for fiolin og orkester (8:57),
Geirr Tveitt: Konsert for hardingfele og orkester no. 2, "Tri Ffjordar", 0p. 252 (19:34).
6. No. 1 Hardangerfjord: Tempo tranquillo e decisio (4:59),
7. No. 2 Sognefjord: Mest maestoso - Danza determinale e lenta - Tempo 1 (5:00)
8. No. 3 Nordfjord: Giocoso (9:45)
Total speletid: 61:14
"Tveitt - Heilt eineståande
Tveitts konsert med undertittelen Tri fjordar er utvilsamt høgdepunktet i denne utgjevinga. Verket er prega av norsk folklore, ikkje ulogisk gitt valget av soloinstrument. Dette imidlertid i kombinasjon med Tveitts umiskjennelege tonespråk. I dette liknar Tveitt komponistar som Bartók, sjølv om nordmannens musikk ikkje høyrest like moderne ut som Bartóks. Det er imidlertid ikkje seinromantisk heller, men rett og slett: Heilt eineståande (Ein Unikat). Det er å ynskja at både Tveitt og Ragnhild Hemsing finn mange nye vener med denne CDen."
Thomas Schulz i omtale av BRUCH+TVEITT 11. april 2023 i www.klassik-heute.de (Karakter 10/10)
"Ragnhild Hemsings spel på hardingfela er utruleg klangfullt, sonort og rikt på resonans; ho spelar improvisasjonspassasjane fritt og med stor naturlegheit, som om musikken nettopp vart til i augneblinken".
"Ei rytmisk poengtert, kraftfull innspeling, i mange detaljar meir kortfatta i framføringa av orkesteret enn på BIS-innspelinga (Hemsings spel er uansett spektakulært bra og ekstremt idiomatisk), slik at ein absolutt kan snakka om ein ny referanse her. Fascinerande, og åleine er den av den grunn verdt kjøpet."
Holger Sambale i omtale av BRUCH+TVEITT 9. mai 2023 i www.the-new-listener.de.
"Man føler seg som i eit eventyrlandskap når Ragnhild Hemsing tar opp hardingfela, den norske varianten av fiolinen. Den blendande lyden til dette instrumentet skuldast at det i tillegg til dei fire strengene ein spelar på, er fem andre strenger som berre vibrerar, lik viola d'amore. Hardingfela er rikt dekorert med perlemor og individuelle mønstre og skapar med sin sølvblanke klang ei eventyrleg, draumande stemning, spesielt når den norske komponisten Geirr Tveitt lovprisar dei «Tri fjordar» i konserten sin."
Raliza Nikolov i omtale av BRUCH+TVEITT 9. april 2023 i www.ndr.de.
"Hardingfela vert brukt på ein dramaturgisk tiltalande måte i det store avslutningsverket, konserten for hardingfele & orkester «Tri fjordar» av Geirr Tveitt. Å bruka element frå norsk folkemusikk er ikkje så vanleg blant landets klassikere, så Tveitt (1908-1981) var ein av få. "
Stephan Pillhofer i omtale av BRUCH+TVEITT 31. mars 2023 i orchestergraben.com.
"... Men for meg er det Tveitts hardingfelekonsert som vert mest interessant. Eg har nokre gongar hatt problem med Tveitts musikk. Mykje av det blir litt sånn folkemuseum-folkemusikk. Men i denne konserten frå 1957 (red. korr. 1965) treff han planken bra. Der Grieg brukte folkemusikken som melodisk råmateriale, går Tveitt mange steg vidare. Han bygde heile skalasystem og orkestreringsprinsipp på det han fant i hardingfela. Stykket starter med nokre heilt magiske akkordar, som er ulikt alt anna eg har høyrt for orkester. Fleire gongar får eg inntrykk av at orkesteret fungerer som eit ekstra sett med resonansstrenger. Og Hemsing behandler Tveitts konsert på ein heilt glimrande måte. Ho spelar ut alt ho har av driv og kraft, med snirklete ornament og frikar-lette krumspring. Det er ein fryd å høyra på. Høyr spesielt: Geirr Tveitt: Sats nr 1… Hardingfelekonsert nr 2.. "
Ola Nordal i omtale av BRUCH+TVEITT 31. mars 2023 i www.ballade.no.
Tord Gustavsen Trio, med Tord Gustavsen på piano, Steinar Raknes på bass og Jarle Vespestad på trommer kom i starten av april ut med albumet Opening. Det er utgjeve på det rennomerte plateselskapet ECM og er produsert av Manfred Eicher. Plata inneheld ein instrumentalversjon av Geirr Tveitt sin Fløytelåt. Melodien er opprinneleg ei tonesetjing av diktet til Jakob Sande med same tittel. Egil Hovland er representert med "Vær sterk, min sjel", ellers er dei andre spora komponert av Tord Gustavsen, bortsett frå Findings/Visa från Rättvik" (trad.).
"Det synger i Tord Gustavsens piano, og det er denne sangen som hever musikken på hans nye trioalbum."
"Det er en sann kunst å spille substans inn i transparente ballader og få musikalsk vemod til å stå til troende. Vi er heldige som har utøvere som klarer det. Som får det til å dirre så finstemt at musikken tar bolig i deg."
"Så er det "Fløytelåt/The Flute", som er skrevet av Geirr Tveitt. Det er en komposisjon Gustavsen kan fylle med sitt, med Vespestad og Raknes i støttende, dynamisk slag."
Arild R. Andersen i omtale av Opening i Aftenposten 16. april 2022. (Karakter 5/6)
Ellis gav ut denne FLAC/MP3 singelen 17. jun1 2022.
"Nydelig om vår egen sangbok". ... Sangboka er et utmerket eksempel på hvordan en nasjonalskatt skal tas vare på og videreføres. Espen Eriksen og Gunnar Halle forteller oss at de er i stand til det på et svært flott vis"
Tor Hammerø i omtale av Sangboka i Nettavisen 18. februar 2022. (Karakter 5/6)
"Tradisjon har ingen eigenverdi så lenge den ikkje vert dyrka"
...«Sangboka» er dedikert til åtte songar på ein velvillig måte, i ein flytande duo med akustiske instrument, supplert med kommenterande effektar. Stor romklang utvider romma, elektronikk og live sampling gir ei diskrete framandgjeringar. Eriksen viser til Jan Johanssons formspråk av folk-jazzens enkelheit, men gjer seg også over til blues og ornamental moderne jazz. Halle føretrekkjer ein fløyelsmjuk, bunden tone i det midtre vokalregistre, selektivt virtuos, men overvegande narrativ. Ei songbok med munter nostalgi."
Ralf Dombrowski i omtale av Sangboka i Jazz thing 142 (www.jazzthing.de) 28. februar 2022.
Pianisten Christian Grøvlen si siste plateutgjeving Eventyr innheld ei fyrstegongsinnspeling av Eolsharpa basert på versjonen som finst i noten frå 1946. Denne versjonen er litt annleis og lengre (16:06) enn den GT spelar sjølv i 1949 på plata Geirr Tveitt plays Geirr Tveitt (08:37).
I tillegg til Eolsharpa spelar Grøvlen Christian Sinding: Sonate, op. 91, Alf Hurum: Eventyrland, op. 16 og Edvard Grieg: Ballade, op. 24. Plata er utgjeven på plateselskapet 2L (2L-163 SACD).
"Vel verd plata alene."
Olav Egil Aune i omtale av Eolsharpa og Eventyr, Vårt Land 12. juni 2021.