Njål Sparbo kom i 2018 ut med oppfylgjaren til "Norge, Mitt Norge, Norwegian Songs vol. 1" frå 2005. Denne gong med større fokus på meir ukjende norske songar arrangert av han sjølv for harpe og strykekvartett. 18 norske komponistar bidreg med 21 songar til dikt av 18 ulike diktarar. Dei fleste norske, men nokre få utanlandske. Geirr Tveitt er representert med Nótt ok Dagr (Natt og Dag) med tekst av Snorri Sturluson. Denne er opphaveleg skriven for klaverarrangement og finst med både original norrøn tekst og i ein omsett versjon på nynorsk. Det er mange flotte songar på plata som fortener å verta meir kjende. Komponistane forutan Tveitt er: Alf Hurum, Sigurd Lie, Eivind Groven, David Monrad Johansen, Carl Gustav Sparre Olsen, Edvard Fliflet Bræin, Pauline Hall, Maj Sønstevold, Sverre Bergh, Klaus Egge, Øistein Sommerfeldt, Antonio Bibalo, Arne Nordheim, Ragnar Sønderlind, Edvard Hagerup Bull, Terje Bjørklund og Magnar Åm. Den er utgjeven på plateselskapet Quattro og kan tingast bl.a. på: www.quattro.no/plater.
Oppdatering 2021-11-26:
Erlend Øye: Legao - p. 2014.09.24 - CD (Japanese release)
Erlend Øye: Legao (2014.09.24, Japan)
Den japanske utgåva av Erlend Øye's Legao album inneheld eit bonusspor, ei innspeling av Geirr Tveitts Sumarnatta (Vi skal ikkje sova bort sumarnatta) med tekst av Aslaug Låstad Lygre. Denne er ikkje er med på utgåvene i USA og Europa.
Div. art.: Hele Norge synger i den lyse årstiden - p. 1989 - CD - Singback
Div.art.: Hele Norge synger i den lyse årstiden (2009, Noreg)
Denne er tidlegare registrert som eit MP3 album, men den er og utgjeven på CD saman med eit eige songhefte. Songane er instrumentale og det er meininga at ein skal syngja til musikken. Det er med ein "singback" versjon av
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta.
Les "Kool Kat" Hemstock: Swing it i Dalom - p. 1990 - LP
Les "Kool Kat" Hemstock: Swing it i Dalom - p. 1990 - MC
Les "Kool Kat" Hemstock.: Swing it i Dalom (1990, Noreg)
CD utgåva av dette albumet er registrert tidlegare, men no er LP og MC versjonane lagt til i samlinga. Dette er det andre albumet som er utgjeve på både CD, LP og MC (Lars Klevstrand: Her var det fyrste i 1988). Albumet inneheld ein remix ac Hestehandlarar av den engelske DJen Leslie Hemstock.
Salonnières: Salonnières - p. 2019.02.22 - MP3
Salonnières: Salonnières (2019.02.22, Frankrike)
MP3 album av den denne franske trioen som inneheld ein versjon av
Velkomne med ære arrangert for piano, fiolin and vokal.
Nordlys: Sommar Sommar Sommar - p. 2019.07.10 - CD
CD av den tyske gruppa Nordlys som spelar nordikse sommarmelodiar på dette albumet. Det innheld ein instrumentalversjon av Vi skal ikkje sova bort sumarnatta.
Ami Aspelund: Så in i Norden - p. 2019.05.24 - MP3
Ami Aspelund: Så in i Norden (2019.05.24, Finland)
MP3 album av den finske songaren Ami Aspelund. På albumet syng ho ein duett saman med norske Erik-André Hvidsten av Vi skal ikkje sova bort sumarnatta.
Ole Amund Gjersvik: SBass Alone - p. 2018.10.19 - MP3/FLAC
Ole Amund Gjersvik: Bass alone (2018.10.19, Noreg)
MP3/FLAC album av den norske bassisten Ole Amund Gjersvik. Som tittelen indikerer, spelar han alle songane påleine å sin kontrabass. Albumet inneheld instrumentalversjonar av
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta og Fløytelåt.
Div. art.: Stemninger og dønninger - p. 2018.11.01 - CD/MP3
Div. art.: Stemninger og dønninge (2018.11.01, Noreg)
CD og MP3 album som innheld ein instrumentalversjon av
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta.
Oppdateringar 2021-10-12:
Marit Samuelsen: Nordic Noir - Promo - p. 2017.09.15 - CD
Promoterings CD lansert av den norske fiolinisten Marit Samuelsen med Trondheimssolistene og broren hennar Håkon Samuelsen på cello. Det vert framført nye verk av komponistane Uno Helmersson, Olafur Arnalds, Frans Bak, Arvo Pärt og Johan Söderqvist. Nokre er spesialskrivne til Marit. Musikken på albumet kan beskrivast som "A cinematic world of dark forests and icy, bottomless lakes, where the landscape becomes a metaphor for the the darkness of the human soul - that's the essence of Nordic Noir". Ein versjon av Geirr Tveitt's
Vél komne med æra er eit av dei 12 stykka som vert framført. Songane er dei same som på den endelege utgåva av Nordic Noir (Decca 481 4879).
Lina Adolphson & Kafé Frid: Fridlyst - sånger, bilder och tanker om livets ögonblick - p. 2010.06.05 - Book + CD
Lina Adolphson och Kafe Frid: Fridlyst- sånger, bilder och tankar om livets ögonblick. (2010.06.05, Sverige)
CD + Bok som inneheld 12 songar der ein av dei er
Vi ska inte sova bort sommarnatten (tekst: Aslaug Låstad Lygre, i svensk omsetjing (1969) av Susanne Löwenhard). Denne innspelinga av songen er og med på Lina Adolphsson: Jag vill leva varsamt som kom ut i 2021.
Helene Bøksle: Ved havet - p. 2017-07-29 - MP3
Helene Bøksle: Ved havet (2017.07.29, Noreg)
Dette albumet er ikkje gjeve ut på CD, er kun tilgjengeleg som MP3 nedlasting eller strøyming, Dette EP albumet inneheld ein versjon av Vi skal ikkje sova bort sumarnatta. Dette er same innspelinga av songen som finst på MP3 samleplata Min musikalske historie - 2006-2019 som kom ut i 2020.
Margun Aasbrenn: Min gitar var mitt redskap - Et utvalg fra tidligere utgivelser - p. 2015 - CD
Margun Aasbrenn: Min gitar var mitt redskap (2015, Noreg)
Dette er ein samle-CD av den norske visesongaren Margun Aasbrenn sine tidlegare innspelingar. Den inneheld ein versjon av
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta. Denne vart innspelt i 1989, sjå fleire detaljar under.
Margunn Aasbrenn: Livets landevei - Et utvalg fra tidligere utgivelser - p. 2009 - CD
Margun Aasbrenn: Livets landevei (2009, Noreg)
Denne CD er ei nyutgjeving av Margun Aasbrenn's fyrste innspeling på kassett i 1989. Den inneheld ein versjon av
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta.
Margun Aasbrenn: Livets landevei - p. 1989 - MC
Margun Aasbrenn: Livets landevei (The land of life) (2009, Noreg)
Kasett av Margun Aasbrenn utgjeven i 1989. Den inneheld ein versjon av
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta.
Div.art,: Børns klassiske favoritter - fantasi, leg , hvile- p. 2003 - 3CD
Dette er den danske utgåva av denne samlinga av ulike klassiske verk, retta mot unge lyttarar. Denne Naxos boksen inneheld 3 CDar ei total speletid på 3.5 timar. Geirr Tveitt er representert med
Velkomne med æra teken frå Bjarte Engeset si innspeling med the Royal Scottish National Orchestra from 2001.
Sissel: Into Paradise - Storbritannia, 2006 - CD
Sissel: Into Paradise (2006, Storbritannia)
Dette er Sissel Kyrkjebø si utgåve av albumet Into Paradise utgjeve i Storbritannia. Det inneheld ein versjon av
Velkomne med æra, kalla Dusk i dette arrangementet av Kjetil Bjerkestrand. Teksten til Dusk er kreditert Smedberg. Pianoet på denne og nokre andre songar er ved Håvard Gimse.
Sissel: Into Paradise (USA, 2006 - CD)
Sissel: Into Paradise (2006, USA)
Dette er Sissel Kyrkjebø si utgåve av albumet Into Paradise utgjeve i USA. Det inneheld ein versjon av
Velkomne med æra, kalla Dusk i dette arrangementet av Kjetil Bjerkestrand. Teksten til Dusk er kreditert Smedberg. Pianoet på denne og nokre andre songar er ved Håvard Gimse. Rekkefylgja på songane er litt annleis enn på den norske, bristiske og riussiske versjonen. Denne startar med Dusk, mens den elles er nr. 6. Ein del av dei andre songane er og bytta om på.
Sissel: Into Paradise - Russian, US and UK releases added - . 2006 - CD
Sissel: Into Paradise (2006, Russland)
Dette er Sissel Kyrkjebø si utgåve av albumet Into Paradise utgjeve i Russland. Det inneheld ein versjon av
Velkomne med æra, kalla Dusk i dette arrangementet av Kjetil Bjerkestrand. Teksten til Dusk er kreditert Smedberg. Pianoet på denne og nokre andre songar er ved Håvard Gimse. Denne har eit lite merke med eit kart over Russland i øvre høgre hjørnet på coveret, elles er den lik dei andre.
Div.art.: Den utimate visesamlingen - p. 2006 - 6CD
Div. art.: Den ultimate visesamlingen (2006, Noreg)
Ein samleboks med 8 CDar. Den inneheld ein versjon
Fløytelåt (Flute sound), sungen av Tor Endresen. Den er henta frå albumet Nære ting aom han og Rune Larsen fyrst ga ut i 1997 og som er gitt ut på nytt i 2002 og 2004.