Geirr Tveitt beside one of his two grand pianos at the composers home at Bjødnabrakane, photographed in the late 40's
Tonediktaren Geirr Tveitt
Geirr Tveitt (1908-1981) var den mest særprega og produktive norske komponisten i det 20. århundre. Han var og ein særs dyktig konsertpianist og han song, spelte cembalo, dirigerte, og gjorde intervju og var programleiar i dei mange litteraturprogramma han laga i NRK. Denne nettsida freistar å gje ein oversikt over komposisjonane som eksisterer og dei ein veit forsvann i brannen i 1970. Verklista viser kva som finst av notar og kva som kun finst som musikk i lydopptak. Diskografien viser innspelingar av hans verk, frå korte viser til store orkesterverk. Det er ein oversikt over lydopptak gjort i radio og det som finst av fjernsynsprogram. Det er og under utarbeiding ein oversikt over intervju, artiklar, omtalar, historier m.m. i aviser, bøker, hefter og ulike tidsskrift.
Utsikt over Hardangefjorden frå lia over Tveit (heilt til venstre i biletet)
Komande konsertar
2026.02.08 - 18:00 Njål Sparbo & Torgeir Kinne Solsvik - Kunsthuset Kabuso, Øystese, Noreg
2026.03.27 - 19:30 NDR Elbphilharmonie Orchestra, Alexander Melnikov (klaver) og Tabita Berglund (dirigent), Lübeck Musik und Kongresshalle, Willy Brandt Allé 1, Lübeck, Tyskland (1.994 seter)
2026.03.29 - 16:00 NDR Elbphilharmonie Orchestra, Alexander Melnikov (klaver) og Tabita Berglund (dirigent), Elbphilharmonie, Grosser Saal, Hamburg, Tyskland (UTSELD - 2.100 seter)
2026.03.29 - 18:30 NDR Elbphilharmonie Orchestra og Tabita Berglund (dirigent), Elbphilharmonie, Grosser Saal, Hamburg, Tyskland (UTSELD - 2.100 seter)
2026.06.12 - 18:00 Bergen Filharmoniske Orkester - Hardingtonar, Norheimsund idrettshall, Norheimsund, Noreg
Sjå under Konsertar for meir informasjon.
Lytt på
2026-01-15 - I NRK Klassisk kan du no lytta på Leif Ove Andsnes si framføring av Geirr Tveitt: Piano Sonata nr. 29, op. 129 "Sonate etere" frå Rosendal Kammermusikkfestival 2025. Denne del 2 frå festival er frå i dag tilgjengeleg i serien "På konsert" i NRK Klassisk. Tveitt-songen Huldri med tekst av Ragnvald Vaage, bestefaren til festivalkomponist Knut Vaage, er og med i sendinga. Det vert og framført verk Knut Vaage og Edvard Grieg i det timelange radioprogrammet.
Du kan høyra sonaten m.m. her:
https://radio.nrk.no/serie/paa-konsert-radio/sesong/202601/MKKL16100326
Siste nytt
2025-12-29 - Albumet Alf Cranner: Både le og gråte (Both laughing and crying) frå 1964 vart folkefinansiert gjennom Norske Albumklassikere (Norwegian Album Classics). Alle 17 songane på plata har melodi av Geirr Tveitt og tekstar av Jakob Sande. CDen vil vera tigjengeleg frå mars av. Eit anna album med Geirr Tveitt sine tonar og song nådde sitt mål og vart fullfinansiert. Ivar Medaas: Holiday in Norway, ogso frå 1964, inneheld Hestehandlarar og Drama i 4 akter, beggekredistert Geirr Tveitt og Jakob Sande.
Det er fyrste gong at desse platene vert tilgjengeleg på CD. Dei kan tingast hjå: www.platekompaniet.no
Alf Cranner: Både le og gråte (1964) - Tilgjengeleg på CD i mars 2026
+
Ivar Medass and Vestlandsduoen: Holiday in Norway (1964) - Tilgjengeleg på CD i mars 2026
Oppdatering av nettsida pågår
Den gamle nettsida nytta mange element laga med Adobe Flash. Dette formatet er frå og med 2021 ikkje lengre støtta av nettlesarar som Edge, Safari, Chrome, Firefox, Opera m.fl.
Oppdatering av nettsida pågår
Arbeidet med å byggja opp nettsidene på nytt utan Flash pågår, men tek diverre litt lengre tid enn planlagt. Det betyr at mykje innhald for tida ikkje er tilgjengeleg. Oppdatert innhald vert lagt ut etter kvart som sidene vert ferdigstilte. Dette vert informert om under Nyhende. Fokus vert framleis på kva som finst av lydopptak og utgjevingar på plate, men med utvida innhald, Kom tilbake om litt!
Den oppdatert nettsida vert tilgjengeleg på engelsk
Etter mange forespurnader, vert www.geirrtveitt.com no ogso tilgjengeleg på engelsk. Målet er å leggja ut dei ferdigstilte sidene samstundes på norsk og engelsk. Sidene vert og laga slik at dei lettare kan lesast på nettbrett og mobiltelefon.
Nye utgjevingar:
Julie Yuqing Ye: From the Archives - Hall - Tveitt - Grieg (CD - 2024 Norway)
Julie Ye er ein ung pianist (f. 1992) som held til i Oslo. Dette er debutplata som ifylgje nettsida hennar (www.julieye.no) "er ei hylling av mindre kjente praktstykke i norsk klassisk pianomusikk. Den inneheld verdenspremiere- innspelinga av Pauline Halls Piano Sonata - eit overveldande sein-romantisk verk komponert i 1916, og nyleg oppdaga i Nasjonalbibliotekets arkiv. Etter premieren vart sonaten ikkje spelt før over 100 år seinare då Julie gav den nytt liv i 2022. Plata inneheld også Pianosonate nr. 29 av Geirr Tveitt, eit sjeldan storslått verk frå sist i 1950-åra, med eit unikt lydlandskap med utanomjordisk atmosfære. Dei sjarmerande miniatyrane i Edvard Grieg sine Lyriske stykker, op. 43, er også med som eit bidrag frå Julies eige personlege arkiv" .
Ei lita korrigering: Tveitt sin Pianosonate nr. 29 vart trykt i noteform i 1950 og vart skriven seint på 1940-talet. Pianostykka av Pauline Hall, Geirr Tveitt og Edvard Grieg som er inkludert på CDen er:
PAULINE HALL:
1 Klaversonate i i Fiss moll, Mvt. 1 - Allegro moderato - 08:35
2 Klaversonate i i Fiss mollr, Mvt. 2 - Lento - 05:48
3 Klaversonate i i Fiss moll, Mvt. 3 - Allegretto scherzando - 03:07
4 Klaversonate i i Fiss moll, Mvt. 4 - Allegro - 05:10
GEIRR TVEITT:
5 Klaversonate nr. 29 "Sonata etere" op. 129, Mvt. 1 - In Cerca Di... - 07:55
6 Klaversonate nr. 29 "Sonata etere" op. 129, Mvt. 2 - Tono Etereo in Variazoni - 15:40
7 Klaversonate nr. 29 "Sonata etere" op. 129, Mvt. 3 - Tempo di Pulsazone - 10:31
EDVARD GRIEG:
8 Lyriske stykker op. 43, nr. 1 - Butterfly - Sommerfugl - 02:00
9 Lyriske stykker op. 43, nr. 2 - Solitary Traveller - Ensom vandrer - 02:07
10 Lyriske stykker op. 43, nr. 3 - In my Native Country - I hjemmet - 02:05
11 Lyriske stykker op. 43, nr. 4 - Little Bird - Liden fugl - 01:57
12 Lyriske stykker op. 43, nr. 5 - Erotikon - Erotik - 02:49
13 Lyriske stykker op. 43, nr. 6 - To the Spring - Til foraaret - 02:50
Total speletid: 70:34
OMTALAR:
Liv Elise Nordskog and Signe Bakke: Tveitt Songs (MP3/Flac/CD - 2024 Norway)
Sopranen Liv Elise Nordskog og pianisten Signe Bakke har gjeve ut digitalt albumet Tveitt Songs 26. juni. Albumet er tilgjengeleg som nedlastbare MP3 og FLAC filer, men vil koma på CD 25. oktober. Plata inneheld 10 av songane til dikt av Arnulf Øverland og fem av songane til dikt av Johan Falkberget. Dei har ikkje vore utgjevne på plate tidlegare. I tilleg er det med seks songar med tekst av Olav H. Hauge og ein av Per Sivle.
Ikkje alle av desse songane vart skrivne for sopran, fleire er transkribert frå den opphavelege bariton-stemma. I radioprogramma Geirr Tveitt laga om poetane Arnulf Øverland og Johan Falkberget i 1965, vart mange av songane akkompagnert av Kringkastingsorkestert dirigert av Tveitt. Både piano- og orkesterarrangementa av songane er særeigne og raffinerte og løfter dikta og musikken til ein høgare einskap. Her er ein oversikt over songane på plata:
Sanger til dikt av Arnulf Øverland (Fyrstegongs innspeling):
No. 6. Dagvise (hilsen til morgenstjernen) , No. 4. Utopia , No. 8. Det jodlet i røde skoger, No. 1. Det flakker så røde stjerner, No. 3. Fluen, No. 5. Lindormen, No. 7. Vuggevise, No. 9. Stjernenes hus , No. 10 Et seil glir bort i kveldens blå
Sanger til dikt av Johan Falkberget (Fyrstegongs innspeling):
No. 15. Vårnatt, No. 3. Den gamle kronglebjørk, No. 9. I bjørkeskogen klokken fire morgen, No. 14. Vårmorgen, No. 12. Månen hang stor og messinggul
Songar til dikt av Olav H. Hauge, Op. 243:
No. 1. Revebjøllor, Op. 243, No. 2. Fela, No. 3. Snø, No. 5. Fortrolla skog, No. 6. Svarte krossar, No. 8. Selje-fløyta
Songar til dikt av Per Sivle:
Op. 166, No. 6. Lur-leik
For fleire detaljar sjå under Nye utgjevingar.
Anita Skorgan: Rubbel og bit 1973-2001 (16CD - 2023 Norge)
Anita Skorgan lanserte 13. november ein boks med 16 CDar frå perioden 1973 til 2001. Rubbel og bit 1973-2001 er tittelen og inneheld 14 studioalbum, singlar og bonusmateriale. På CD 11 er det ein versjon av Geirr Tveitts Velkomne med æra med Anita Skorgan på flygel og Lars Klevstrand på gitar. Den er innspelt i 1994 og kom på plata Julenatt det året. Innspelinga kom i revdert utgåve i 2000. Dette er CDane i boksen:
CD 1: Til en venn (1975) - CD 2: Du er nær meg (1976) - CD 3: Young Girl (1977) - CD 4: Anita Skorgan (1978) - CD 5: Ingen vei tilbake (1979) - CD 6: Pastell (1981) - CD 7: Cheek to Cheek (1983) - CD 8: Karma (1985) - CD 9: White Magic (1986) - CD10 Basic (1990) - CD11: Julenatt (1994) - CD 12: Gull (2001) - CD 13: Julebonuser - CD 14: 70-tallbonuser - CD 15: 1980-2001 bonuser - CD 16: Anita på svensk - bonuser
11.10 Vélkomne med æra (Geirr Tveitt) - Opus 150, nr. 1; (Anita Skorgan, piano og Lars Klevstrand, gitar)
Speletid: 45:59 for CD11 - Totalt XX:XX:XX for alle CDane
OMTALAR:
Leif Ove Andsnes: The Warner Classics Edition 1990-2010 (36CD - 2023 Tyskland)
Leif Ove Andsnes ved Warner Classics lanserte 13. oktober ein boks med 36 CDar frå perioden 1990 til 2010. The Warner Classics Edition 1990-2010 er tittelen og inneheld innspelingane han gjorde på Virgin Classics og EMI Classics som plateselskapet då heitte. CDane er ikkje rangert kronologisk, men hovudsakleg alfabetisk etter etter namna på komponistane.
CD 1: Bartok - CD 2-3: Brahms (+ Schumann) - CD 4-5: Chopin - CD 6: Dvorak - CD 7-10: Grieg (+ Schumann) - CD 11-12: Haydn - CD 13-14: Janacêk (+ Debussy, Ravel, & Nielsen) - CD 15: Liszt - CD 16-17: Mozart - CD18 Mussorgsky (+ Schumann) - CD19: Nielsen - CD 20-23: Rachmaninov - CD 24-28: Schubert - CD 29-32: Schumann (+ Brahms) - CD 33: Britten - CD 34: Horizons (21 ulike komponistar) - CD 34: Sørensen, Lutoslawski, Kurtag & Dalbavie - CD 36: Grieg, Tveitt, Johansen, Valen & Sæverud. Den siste CDen i boksen har tittelen: The long, long winter night (Dan långje långje vettranåttæ) etter Geirr Tveitts opus 150, nr. 37. Det er med 7 av klaverstykka frå Femti folkatonar frao Hardanger:
36.10 Vélkomne med æra - Welcome with honour (Geirr Tveitt) - Opus 150, nr. 1;
36.11 Graott og laott aot ein baot - Tears and laughter for a boat (Geirr Tveitt) - Opus 150, nr. 33;
36.12 Friarføter - A-wooing (Geirr Tveitt) - Opus 150, nr. 3;
36.13 Dan fagraste viso pao joræ The most beautiful song on earth (Geirr Tveitt) - Opus 150, nr. 9;
36.14 Langeleik-låt Langeleik tune (Geirr Tveitt) - Opus 150, nr. 27;
36.15 Barnefaren The father of the child (Geirr Tveitt) - Opus 150, nr. 38;
36.16 The long, long winternight Dan långje långje vettranåttæ (Geirr Tveitt) - Opus 150, nr. 37;
Speletid: 68:12 for CD36 - Totalt 38:42:04 for alle CDane
OMTALAR:
Sinikka Langeland: Wind And Sun (CD - 2023 Tyskland)
Sinikka Langeland lanserte 15. september hennar nye album Wind and Sun på ECM Records. Tekstane på albumet er av Jon Fosse. Sinikka Langeland har sett tone til dikta, unnateke A Child who exists, der tonen til Geirr Tveitts Velkomne med æra er nytta. Songane har fått engelske titlar, men vert framført på nynorsk. A Child who exists er diktet Eit barn som finst. Det, saman med tittelsongen finst i 2 variantar. Wind and Sun er på spor 2 instrumental, medan den er med song på spor 11.
På albumet deltek forutan Sinikka på vokal, kantele (5-, 15- og 39 strengs versjonar) og munnharpe (metall- og treversjonar), Trygve Seim på tenor- og sopransaksofon, Mathias Eick på trompet, Mats Eilertsen på kontrabass og Thomas Strønen på trommer. Albumet vart innspelt i september 2022 i Rainbow studio in Oslo og vart miksa i Bavaria Musikstudios in München i mars 2023. Plata er produsert av Guiso Goma, teknikar Martin Abrahamsen. Foto av Dag Alveng og grafisk design av Sascha Kleis.
1 Row my Ocean (Jon Fosse/Sinikka Langeland) - Ro mitt hav;
2 Wind and Sun (instrumental) (Sinikka Langeland) - Vind og sol;
3 It Walks and Walks (Jon Fosse/Sinikka Langeland) - Det går og går;
4 When the Heart is the Moon (Jon Fosse/Sinikka Langeland) - Når hjartet er ein måne;
5 Hands that helds (Jon Fosse/Sinikka Langeland) - Hender som held;
6 A Child who exists (Jon Fosse/Geirr Tveitt/Sinikka Langeland) - Eit barn som finst;
7 A Window tells (Jon Fosse/Sinikka Langeland) - Eit vindauge fortel;
8 The Love (Jon Fosse/Sinikka Langeland) - Den kjærleik;
9 Wind Song (Jon Fosse/Sinikka Langeland) - Vindsong;
10 A Child who exist (var.) (Jon Fosse/Geirr Tveitt/Sinikka Langeland) - Eit barn som finst;
11 Wind and Sun (Jon Fosse/Sinikka Langeland) - Vind og sol;
12 You hear my Heart come (Jon Fosse/Sinikka Langeland) - Høyrer du hjartet mitt kome
Total speletid: 65:39
OMTALAR:
Ivar Medaas: Trubaduren kommer (CD - 2023 Noreg)
Ivar Medaas ga i starten av 1965 ut LPen Trubaduren kommer. Det var hans fyrste som soloartist, men han hadde året før saman med kona Kari gjeve ut LPen: Holiday in Norway/Come and dance with us med Vestlandsduoen. Før det hadde Vestlandsduen og han åleine gjeve ut fleire singlar og ein EP med Geirr Tveitt. I april kom plata for fyrste gong ut på CD, i remastra ny utgåve i serien Norske Albumklassikere. Geirr Tveitt har sett tone til fire av visene og spelar piano på dei to siste. Dei er henta frå EPen Old Norwegian Folktunes:
1 Veslesyster ondolat er død (Cornelis Vreeswijk);
2 Den arge bonden (Bjarne Amdahl/Alf Prøysen);
3 Sov mitt barn (Idar Medaas/Arnljot Eggen);
4 Lord Lovel (Hartvig Kiran);
5 Spørsmål (Ivar Medaas/Ivar Ringdal);
6 Laustausa Karoline (Petter Tjelle);
7 Vinden si vise (Vidar Medaas/Oddvar Eika);
8 Gunda (Vise frå verklegheita) (Ivar Medaas/Vidar Sandbeck);
9 Fløytelåt (Geirr Tveitt/Jakob Sande);
10 Nissen på Kobbeskjeret (Geirr Tveitt/Jakob Sande);
11 Dyreorkesteret (Geirr Tveitt/Jakob Sande);
12 På Hagarstølen er godt te gjeta (Geirr Tveitt/Jakob Sande);
Total speletid: 27:18
OMTALAR:
Ragnhild Hemsing: BRUCH+TVEITT (CD - 2023 Tyskland)
Ragnhild Hemsing har saman med Bergen Philharmonic Orchestra og dirigentEivind Aadland har 31. mars lansert CDen BRUCH+TVEITT. Ragnhild spelar både fiolin hardingfele slik omslagsfotoet viser. Verka som vert framførde på plata er:
Max Bruch: Violin Concerto i g-moll, op. 26 (24:23),
1. No. 1 Introduktion. Allegro moderato (8:18),
2. No. 2 Adagio (8:24),
3. No. 3 Finale. Allegro energico (7:39)
Johan Svendsen: Romanse for folin og orkester, op. 26;
4. Romanse for fiolin og orkester (8:57)
Sigurd Lie: Konsertstykke for fiolin og orkester,
5. Konsertstykke "Huldra Aa'n Elland" for fiolin og orkester (8:57),
Geirr Tveitt: Konsert for hardingfele og orkester no. 2, "Tri Ffjordar", 0p. 252 (19:34).
6. No. 1 Hardangerfjord: Tempo tranquillo e decisio (4:59),
7. No. 2 Sognefjord: Mest maestoso - Danza determinale e lenta - Tempo 1 (5:00)
8. No. 3 Nordfjord: Giocoso (9:45)
Total speletid: 61:14
OMTALAR:
Espen Eriksen & Gunnar Halle: Sangboka (CD - 2022 Noreg)
Espen Eriksen (trompet) og Gunnar Halle (piano) har gjeve ut instrumentalplata Sangboka. Her tek dei to jazzmusikarane for seg 8 songar som omtrent alle kunne i det førre hundreåret: "Vi høyrer til den siste generasjonen som lærte å syngja desse songane i skulen. Med sterke og enkle melodiar har denne musikken sett djupe spor i oss og har vore ein viktig del av vårt musikalske uttrykk" skriv dei. Dei åtte songane er:
1. Mellom bakkar og berg (Ludvig M. Lindemann);
2. Uti vår hage (Trad.);
3. Byssan lull (Trad);
4. Vi skal ikkje sova bort sumarnatta (Geirr Tveitt);
5. Ola Glomstulen (Trad.);
6. Bind deg ein blomekrans (Trad.)
7. Jeg er havren (Aksel Agerby);
8. Blant alle lande (Hans Matthison-Hansen)
OMTALAR:
""Nydelig om vår egen sangbok
... Sangboka er et utmerket eksempel på hvordan en nasjonalskatt skal tas vare på og videreføres. Espen Eriksen og Gunnar Halle forteller oss at de er i stand til det på et svært flott vis"
Tor Hammerø i omtale av Sangboka i Nettavisen 18. februar 2022. (Karakter 5/6)
"Det er noko med songar du har hatt med deg heile livet. Og det er stas når dei bli vekt til liv igjen"...I tillegg er det fint at her er det rom for fleire favorittar. Lista over songane er som ei hitliste frå skulen gjennom fleire tiår. Det beste med plata er at den er gjennomført på eit høgt nivå. Det er ingen enkle løysningar. Det er jazz, og det er kanskje meiningar om det, men dette er så behageleg, oppmuntrande og avslappande at du bør gi det ein sjanse. Åtte songar er akkurat passe langt nok."
Alf-Einar Kvalavåg i omtale av Sangboka i Tysvær Bygdeblad 16. februar 2022. (Karakter 5/6)
"Tradisjon har ingen eigenverdi så lenge den ikkje vert dyrka
...«Sangboka» er dedikert til åtte songar på ein velvillig måte, i ein flytande duo med akustiske instrument, supplert med kommenterande effektar. Stor romklang utvider romma, elektronikk og live sampling gir ei diskrete framandgjeringar. Eriksen viser til Jan Johanssons formspråk av folk-jazzens enkelheit, men gjer seg også over til blues og ornamental moderne jazz. Halle føretrekkjer ein fløyelsmjuk, bunden tone i det midtre vokalregistre, selektivt virtuos, men overvegande narrativ. Ei songbok med munter nostalgi."
Ralf Dombrowski i omtale av Sangboka i Jazz thing 142 (www.jazzthing.de) 28. februar 2022.
Tord Gustavsen Trio: Opening (CD/LP - 2022 Tyskland)
Tord Gustavsen Trio, med Tord Gustavsen på piano, Steinar Raknes på bass og Jarle Vespestad på trommer kom i starten av april ut med albumet Opening. Det er utgjeve på det rennomerte plateselskapet ECM og er produsert av Manfred Eicher. Plata inneheld ein instrumentalversjon av Geirr Tveitt sin Fløytelåt. Melodien er opprinneleg ei tonesetjing av diktet til Jakob Sande med same tittel. Egil Hovland er representert med "Vær sterk, min sjel", ellers er dei andre spora komponert av Tord Gustavsen, bortsett frå Findings/Visa från Rättvik" (trad.). Albumet er tilgjengeleg på CD no, men vil koma på LP ein gong til hausten.
"Det synger i Tord Gustavsens piano, og det er denne sangen som hever musikken på hans nye trioalbum."
"Det er en sann kunst å spille substans inn i transparente ballader og få musikalsk vemod til å stå til troende. Vi er heldige som har utøvere som klarer det. Som får det til å dirre så finstemt at musikken tar bolig i deg."
"Så er det "Fløytelåt/The Flute", som er skrevet av Geirr Tveitt. Det er en komposisjon Gustavsen kan fylle med sitt, med Vespestad og Raknes i støttende, dynamisk slag."
Arild R. Andersen i omtale av Opening i Aftenposten 16. april 2022. (Karakter 5/6)
"Ideene med å ta inn tolkninger av andres melodier på sine utgivelser kan komme plutselig til ham. På det forrige albumet; The Other Side (2018) falt ideen om å tolke Bach-koraler ned i hodet på ham under en øvelse.
Denne gangen var det Geirr Tveitts "Fløytelåt" som kom til ham, som et slags etterspill på en av hans egne låter.
"- Den har en nydelig, iørefallende melodi. Veldig lyrisk, og med en twist som er veldig karakteristisk.
Og det selv om melodien på mange måter er enkel. Sånn sett, sier Gustavsen, funker den over hele verden. Den kan komme ut av av alle andre landskap, og lede inn til hva som helst. - I Norge har man tilleggsdybden at mange har sunget den i barndommen. Da setter man i gang referanser i tillegg til det rent melodiske."
Tord Gustavsen i portrettintervju med Aslaug Olette Klausen i Kontekst (www.kontekst.no) 14. april 2022.
Christian Grøvlen: Eventyr (SACD)
Pianisten Christian Grøvlen si siste plateutgjeving Eventyr innheld ei fyrstegongsinnspeling av Eolsharpa basert på versjonen som finst i noten frå 1946. Denne versjonen er litt annleis og lengre (16:06) enn den GT spelar sjølv i 1949 på plata Geirr Tveitt plays Geirr Tveitt (8:37).
I tillegg til Eolsharpa spelar Grøvlen Christian Sinding: Sonate, op. 91, Alf Hurum: Eventyrland, op. 16 og Edvard Grieg: Ballade, op. 24. Plata er utgjeven på plateselskapet 2L (2L-163 SACD som er kjend for sine svært gode lydopptak.
"Det er Balladen og Geirr Tveitts Eolsharpa som setter standarden her..... Derimot byr Geirr Tveitt på mystikk, undring, ikke minst Eolsharpa (en harpe hvor vinden slår an strengene) er en hildring, en hukommelse av noe han hadde hørt: "Sidan har eg tenkt på desse mjuke, halvt uverkeleg fagre mjuke tonar, ikkje minst i livets stormar og myrke netter ... harpa med vengjir som flyg yver havets stormar, høgt uppe, og stjernor som skin i harpe-strengir". Vel verd plata alene."
Olav Egil Aune, Vårt Land 12. juni 2021
Les om fleire nye utgjevingar her